Fotograf: Per Kvalvik
Ved storhavet fotograf Per Kvalvik
Lykt ved innseilingen til Sveggesundet | Fotograf: Ole Gammelsæter
Leia til lands fotograf Ole Gammelsæter
Fotograf: Ole Gammelsæter
Lovsong til solvarme strender fotograf Ole Gammelsæter
Fotograf: Ole Gammelsæter
Minne om fedrar fotograf Ole Gammelsæter
Fotograf: Vidar Kvambe
Du er vår heimstad fotograf Vidar Kvambe

Averøysongen

(Peder Leithaug/Jakob H. Mork)

Eg kjenner ei øy utmed storhavet vilt,
med fallgard og brot der det sjeldan er stilt,
med dragsu og moreld kring fjøra.
Dei snauskura skjera dei ligg der i krans,
med lykter og staker i leia til lands,
der trygg du di skute kan føra.

Men ber det inn fjorden ved midtsumarstid,
så møter deg skogkledde angande li
og veldyrka smilande grender.
Dei snødekte fjella seg speglar i fjord.
Frå skogsnaret kvitrar eit småfuglekor
sin lovsong til solvarme strender.

Her ættled vil fylgje på ættled som for
med odling av arven frå far og frå mor,
med ungdom som vonar og ventar.
På åker, i verkstad, på stormande hav
er rikdom å finn. Til sist vil ei grav
oss gøyma til Herren oss hentar.

Sjå minne om fedrar ligg spreidde i kring!
Han andar av soge kvar einaste ting,
og vitnar om arbeid og styrke.
Her opna dei augo mot strevsamme dag,
her bala dei unge og gamle i lag
i truskap til arv og til styrke

Vår Averøy, vene, i deg er vi kjær!
Du lyser i minne om borte vi er,
og deg har vi alltid i tankar.
Du gir og du krev kvart eit einaste år,
men du er vår heimstad, trass skiftande kår,
og varmt for deg hjartet mitt bankar.

Fant du det du lette etter?