Delt lesing

Vi arrangerer Delt lesing onsdag 7. mai kl 11:30 - 13:00.  Anne Marit Strøm les høgt. Vi snakkar om teksten.  Ein kan velge å berre lytte, eller å delta i samtalen. Vi serverer te og kjeks. Gratis!

Delt lesing er eit tilbod kor du kan komme til biblioteket og høyre Anne Marit Strøm lese høgt frå ei novelle eller eit utdrag av ein roman + eit dikt. Undervegs stoppar ho eit par-tre gonger, og vi snakkar om teksten. Det er valfritt om du vil delta i samtalen eller ikkje. Enkel servering, te og kjeks. Vi har hatt mange trivelege delt-lesing-timar det siste året. Ingen påmelding, det er berre å komme. Vel møtt!