Delt lesing

Vi arrangerer Delt lesing tysdag 16. april kl 11:30 - 13:00. NB! Merk dag, tysdag denne gongen. Anne Marit Strøm les høgt. Vi snakkar om teksten.  Ein kan velge å berre lytte, eller å delta i samtalen. Vi serverer te og kjeks. Gratis!

Bøker og te på et bord - Klikk for stort bildeBøker og te Merete B. Aae

Delt lesing er eit tilbod kor du kan komme til biblioteket og høyre Anne Marit Strøm lese høgt frå ei novelle eller eit utdrag av ein roman + eit dikt. Undervegs stoppar ho eit par-tre gonger, og vi snakkar om teksten. Det er valfritt om du vil delta i samtalen eller ikkje. Enkel servering, te og kjeks. Vi har hatt mange trivelege delt-lesing-timar det siste året. Ingen påmelding, det er berre å komme. Vel møtt!