Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim

Are Kalvø kjem. Kjem du? 

Fredag 2. oktober kl 19 - 20 kan du møte opp i kommunestyresalen på Bruhagen og få deg ein god latter. Are Kalvø er kjend for dei fleste. Han har med seg boka Berre bønder lengtar heim. Det blir enkel servering. Gratis inngang. Arr i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal.

Are Kalvø – Berre bønder lengtar heim 

Er det best å bu i byen eller på landet? Det spørsmålet stiller Are Kalvø seg – og oss – i boka Berre bønder lengtar heim. Etter å først ha budd ein månad i Noregs minste kommune, og deretter ein månad i London, samanliknar han med humor, varme observasjonar og djup refleksjon to ulike livsformer. Kalvø er ein av Noregs fremste komikarar og samfunnsreflektørar, kjend for å kombinere latter med kloke augeblinkar. På dette arrangementet møter du han i samtale om boka, om skriveprosessen og om korleis han brukar humor for å ta tak i tema som mange av oss kan kjenne att. Publikum får spørje, reflektere og le saman med forfattaren.  

 

Arrangementet er i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal