Delt lesing onsdag 10. november
Vi arrangerer Delt lesing onsdag 10. november kl 11:30 - 13:00. Anne Marit Strøm les høgt. Vi snakkar om teksten. Ein kan velge å berre lytte, eller å delta i samtalen. Vi serverer te og kjeks. Gratis!
Delt lesing ons 12. nov kl 11:30 til 12:00. Anne Marit les høgt for oss.
Merete B. Aae
Delt lesing er eit tilbod kor du kan komme til biblioteket og høyre Anne Marit Strøm lese høgt frå ei novelle eller eit utdrag av ein roman + eit dikt. Undervegs stoppar ho eit par-tre gonger, og vi snakkar om teksten. Det er valfritt om du vil delta i samtalen eller ikkje. Enkel servering, te og kjeks. Vi har hatt mange trivelege delt-lesing-timar det siste året. Ingen påmelding, det er berre å komme. Vel møtt!