Velkommen til kunstutstilling

Torsdag 16. november kl. 19:00 er det åpning av kunstutstillingen “Min indre skjergard” av kunstneren Asko Künnap. Sted: Rådhuset. Kunstneren er selv til stede under åpningen. Velkommen!

Asko Künnap er en estisk kunstner, forfatter og designer. 

Asko Künnap stiller ut 

“Min indre skjærgard”.
Disse bildene var utstilt under Kulturhelga Havglimt på Rangøya. Serien finnes i tavleformat som er værbestandig - de kan henge ute i vind og regn! - og innrammet papirformat. 

“Peer Gynt”
Illustrasjoner laget i forbindelse med 90-årsjubileet for at Peer Gynt for første gang ble oppført i Estland. I den forbindelse kom “Peer Gynt” ut i ny estisk språkdrakt i en praktutgave med illustrasjoner laget som en grafisk serie av Asko Künnap. 
 

“Å vere eit skip”
Jaan Kross (1920 – 2007) var ein estisk prosaist, diktar, essayist og omsetjar som også gjentekne gonger vart fremja som kandidat til Nobels litteraturpris. Han er først og fremst kjent for sine historiske prosaverk, også på norsk gjennom romanane «Keisarens galning» og «Professor Martens' avreise» i Turid Farbregds omsetjing. Hans markante litterære debut var likevel i lyrikken. I slutten av 2023 kjem utvalde dikt av Jaan Kross ut i Estland under tittelen «Å vere eit skip». Samlinga inneheld også dei beste av dikta han skrev i løpet av åtte år som politisk fange i Sibir.  Boka er illustrert med ein serie teikningar under same tittel, inspirert av dikta til Kross og også planlagt som sjølvstendig grafikkserie og utstilling. Ved eit samantreff blir serien utstilt her på Averøya i Noreg ei veke før den blir vist første gong under boklanseringa i Tallinn, Estland. Arbeida er utførte i blandingsteknikk: blyant, penseltusj, penn, digitalblyant, digitalt trykk

 

Utstillingen åpner torsdag 16. november kl. 19:00 og henger ut året. 

 

Om serien «Min indre skjergard» (tidlegare utstilt ved Kulturhelga Havglimt på Rangøya)

Meldingane om Min indre skjergard byrja å nå meg på slutten av 70-talet i førre tusenår: øyar med sine innvikla kystlinjer og sin natur, sitt dyre- og mineralrike, kanskje skapt i mitt medvit, kanskje i vårt kollektive medvit, dei viste seg i draumar, blanda seg med tremønstret på skapdøra, den avskalande målinga og solflekkane sine felleserklæringar på skurveggen, i muggsoppens sigersgang.

På 80-talet, under dei mest meiningslause timane på grunnskulen, byrja handa mi nesten heilt av seg sjølv å teikne elvedelta, arkitektur og teiknsystem frå Min indre skjergard. Prikkane voks til byar med gatenett og i ei bukt som knapt var breiare enn ei einaste rute i mattekladdeboka fanst eit heilt assorti av tapte sivilisasjonar.

Då eg studerte ved Statens kunstakademi i Oslo gav eg ved hjelp av kopimaskin ut diktsamlinga «Alfol» som mellom anna inneheld teksten «Utrøst» inspirert av norsk folkeminne, ein song om ei løyndomsfull undersjøisk øy der stormane får kronblada frå epleblomane til å stige opp til overflata. Sjølvsagt planta Utrøst seg også som ein del av Min indre skjergard.

I byrjinga av dette århundret, under høgare studium av varierande intensitet, oppstod den ærgjerrige planen å kartleggje Min indre skjergard. Det er berre å tilstå: det arbeidet pågår framleis. Som eit biprodukt av denne kartografien har det i perioden 2012 – 2023 oppstått ei rekke teikningar av landskap og arkitektur på øyane. 

Nokre av bileta har det vore nødvendig å teikne fleire gonger, for det er ikkje alltid så enkelt å samle heile biletet i same univers eller drøymesjikt. Ei rekke på 16 bilete har det likevel gått i orden å samle her ved dette punktet i tid og rom og forme til ei utstilling.

Min indre skjergard Grafikk 2012–2023 Eit håplaust amøbeaktig forsøk på å skape ei oversikt over den grenselause skjergarden inne i meg sjølv. Blyant-, akvarellblyant-  og penselteikningar, digital blyant, teikningskollasjar, overteikna digitale trykk. Delar bileta er tidlegare publisert i bøkene Kulelynet bankar når det kjem  (estisk Näo Kirik 2019 og  finsk , Enostone 2020).

Asko Künnap, våren 2023


Bilete frå «Min indre skjergard» :

Pris for tavlene slik dei er: 1200,- NOK. 
Pris per bilete på papir, innramma og signert 2600,- (bestilling). 

1) Høgre oppe høyrest du lenger (Higher you sound farther)

2) Utgravingar. Seks lag av ein grill (Excavations. Six layers of grill)

3) Kvelden før premieren (On the eve of the Premiere)

4) Endå eit spontant oppstått monument (An another Spontaneous Statue)

5) Sjølvbilete som brua på eit kondemnert krigsskip (Self-image as the bridge of a decommissioned warship)

6) Tårn som diskré driv med aikido (The Discreet Aikido of the Towers)

7) Heile sanninga om tårna (The whole truth about The Towers)

8) Byen på Elvanes Elv (The City on the River of Rivers)

9) Storsøndag (The Grand Sunday)

10) Vandrarar. Cidade de Neve Nova (The Rovers. Cidade de Neve Nova)

11) Utsikt over Tartu. Keisamsmesse (View of Tartu. St. Dull’s day)

12) Dedstøva Dolmen (Da Dusty Dolmen)

13) MS Storfisken      (The Big Fish Ship)

14) Avreise frå Aravillevon (Leaving Aravillevon)

15) Treskips kryssar (Three Nave Cruiser)

16) Den tredje borga (The Third Castle)

I tillegg 2 tavler med presentasjon av utstillinga og av kunstnaren.

 

Grafikkserien «Peer Gynt» 
I 2016 var det 90 år sidan Henrik Ibsens «Peer Gynt» for første gong vart oppført i Estland. Den estiske gjendiktinga frå 1926 var gjort av ein av 1900-talets store estiske diktarar, Marie Under. Då Tallinn byteater igjen skulle oppføre Ibsens berømte verk, vart det laga ei heilt ny omsetjing som eit samarbeidsprosjekt mellom omsetjar Riina Hanso og poet Paul-Eerik Rummo. Samtidig vart jubileet markert ved at «Peer Gynt» kom ut i ny estisk språkdrakt i ei praktutgåve med illustrasjonar laga som en grafisk serie av Asko Künnap.

Peer Gynt er tidlegare illustrert av kjente kunstnarar frå heile verda, lista låg høgt og oppgåva var på same tid fristande og litt skremmande. Boka vart kåra til ei av Estlands vakraste bøker og er til dags dato den mest episke utfordringa for kunstnaren Künnap. Dei fem første bileta i serien står mellom aktene i skodespelet, og dei to skikkelsane på dei siste bileta er frå opningssidene for scene 7 og 9. 

 

Bilete frå Peer Gynt. Alle bileta er i 30 x 40. 

Pris per bilete, innrama med passepartou og signert: 2600,-

1. Langsmed Gjendin-Eggen

2. Dovregubbens kongshall

3. Djupt inne i barskogen

4. Utsikt inn over ørken

5. Samtale med den framande passasjeren

6. Knappestøyparen

7. Den magre

 

Grafikkserien «Å vere eit skip»

Jaan Kross (1920 – 2007) var ein estisk prosaist, diktar, essayist og omsetjar som også gjentekne gonger vart fremja som kandidat til Nobels litteraturpris. Han er først og fremst kjent for sine historiske prosaverk, også på norsk gjennom romanane «Keisarens galning» og «Professor Martens' avreise» i Turid Farbregds omsetjing. Hans markante litterære debut var likevel i lyrikken. I slutten av 2023 kjem utvalde dikt av Jaan Kross ut i Estland under tittelen «Å vere eit skip». Samlinga inneheld også dei beste av dikta han skrev i løpet av åtte år som politisk fange i Sibir.  Boka er illustrert med ein serie teikningar under same tittel, inspirert av dikta til Kross og også planlagt som sjølvstendig grafikkserie og utstilling. Ved eit samantreff blir serien utstilt her på Averøya i Noreg ei veke før den blir vist første gong under boklanseringa i Tallinn, Estland. Arbeida er utførte i blandingsteknikk: blyant, penseltusj, penn, digitalblyant, digitalt trykk.

 

Bilete frå «Å vere eit skip». Alle bileta er i 30 x 40.  
Pris per bilete, innramma og signert, 2400,- NOK.

1. Kolforedlaren

2. Den gamle punkaren 

3. Vi er på ei flygande øy

4. Om Majakovskij og dei andre

5. Traktat om vers på rim og utan

6. Å vere eit skip

 

Kunstneren Asko Künnap stiller ut i Bruhagen. R. S. Berthinussen